I Masfjorden skal det framleis vera godt å bu!

Fokus på frivillighet

Fellesskap og allsidige opplevingar gjennom kulturaktivitetar skapar samhald og aukar livskvaliteten. KrF i Masfjorden vil arbeida for at Masfjorden framover har eit sterkt fokus på dette feltet. Difor ønskjer me å vera med på å leggja til rette for gode kulturtenester gjennom mellom anna bibliotek, kulturskule og museumsdrift, med fokus på kvalitet og kompetanse, og på å skapa spanande møteplassar mellom amatørar og profesjonelle kulturformidlarar.

Nh spør - politikarane svarar

Nh er no i gang med utspørjinga av dei politiske partia i Nordhordland og Gulen. Her følgjer spørsmål og svar frå ordførarkandidatane i Masfjorden.

Utspørjing Masfjorden

Lokalpolitikarar og sosiale medier

I sitt lesarinnlegg i Nordhordland den 20. august utfordrar Vibeke Prestmo Valestrand lokalpolitikarane i Masfjorden til å koma på banen i sosiale medier. Som KrF politikar i Masfjorden kjenner eg at eg vert svar skuldig. Rett nok gjer Vibeke honnør til Masfjorden KrF for at vi har ei facebook side. Vi har og ei heimeside (www.krf.no/masfjorden). Her kan du lese programmet vårt og sjå kva vi står for. Det er likevel ikkje godt nok, og vi tek vi oppfordringa på alvor. Dialog med innbyggjarane for å kunne utvikle treffsikre tenester er avgjerande for oss i Masfjorden KrF. Då er det klart at vi må verte meir synlege og tilgjengelege i sosiale medier. Veljarane må kunne møte oss på sine arenaer, både gjennom sosiale medier eller på lokalbutikken. Eg måtte forresten smile då eg las Vibeke si skildring av oss politikarar på butikken med drops og brosjyrar. Likevel vert vi å møte der og. Vi vil gjerne snakka direkte med folk, vera tilgjengelege for dialog. Ikkje alle veljarar har tilgang til sosiale medier. Vi vil og møte dei, med eller utan drops.

Eg vil gje Vibeke Prestmo Valestrand honnør som veljar. Ingenting er meir inspirerande for oss

Framtid for Masfjorden

Om berre nokre få veker er det tid for å velja nye kommunestyrerepresentantar i Masfjorden. Dei siste åra har Masfjorden kommune hatt ei svak auke i folketalet. For Masfjorden Venstre er det eit overordna mål at den positive folketalsutviklinga held fram.

For å oppretthalda auken i folketalet er det heilt nødvendig å få unge folk til å flytta heimatt til Masfjorden etter at dei er ferdige med utdanninga si. Mange unge, inkludert meg sjølv, har gjerne lyst til å busetja seg i Masfjorden når dei er blitt vaksne og har stifta familie. Då er det viktig at ein finn arbeid både til seg sjølv og partnaren. Det har lenge blitt gjort for lite for å få fleire bedrifter til å etablera seg i kommunen vår. Me i Masfjorden Venstre ønskjer å snu dette, og vil jobba hardt for å få fleire arbeidsplassar til alle delar av kommunen.

Lokalpolitikar - kom fram!

Det er knappe fire veker til valet. Etter hendingane 22. juli er eg heilt klar på at eg også i år skal bruke stemmeretten min, men kven skal eg stemme på?

Eg er utolmodig. Eg vil vite kven desse menneska på vallistene er. Eg vil vite kva dei står for. Eg vil vite kva dei legg vekt på i programma sine. Eg vil vite kva dei har fått gjennomført siste periode og kva dei ynskjer å gjennomføra i komande periode. Eg finn ingenting i postkassa mi. Eg finn ingenting i lokalavisene. Og, eg finn lite eller ingenting på den store verdsveven, internettet.

Kommunale veier i Masfjorden

Masfjorden Frp har alltid vært opptatt av Samferdsel og spesielt fokus på kommunale veier. De siste 2 årene har vi mange ganger prøvd å få de andre partiene med på å bevilge mer penger til opprustning med fast veidekke på alle de kommunale veiene uten at de støtter oss på det. De er tydligvis fornøyd med rådmannen /administrasjonen sine prioriteringer vedr veivedlikeholdsbudsjett og tempo på framdriften der.

Masfjorden Frp mener at resultatet i spørreundersøkelsen blant innbyggerene ga ett soleklart svar på at det de mente var en av de viktigste sakene for kommunen som var fast veidekke på alle kommunale veier. Masfjorden Frp kjem fortsatt som de eneste partiet i kommunestyret å jobbe aktivt for bedre veivedlikehold på alle veier i kommunen med ett spesielt fokus på asfaltering av de gruslagte kommunale veiene vi har igjen. Vi fikk i 2009 plusset på over en million på veibudsjettet og gjorde da ett bra resultat med asfaltering ag annet vedlikehold men mye gjenstår og det må settes fokus på fremover. Masfjorden Frp håper at innbyggerene fortsatt gir tydelige signal til oss og de andre partiene hva de synes om veivedlikeholdet i kommunen og om prioriteringene til de folkevalgte. Dette er bare en av sakene Masfjorden Frp har fokus på også i åra framover.

Debatt Masfjorden

Følgt av 13 medlemmar.

Nordhordland.no/Debatt er Nordhordland sin inngangsportal til det brukarskapte innhaldet innan politikk. Klikk på kommunen din for å legge ut innlegg, saker, bilete og registrere arrangement. Du kan også sjå kva andre har publisert og delta i diskusjonar. Alt innhald frå denne sona kan bli nytta av Avisa Nordhordland og nordhordland.no. Meir om sona

Origo Debatt Masfjorden er ei sone på Origo. Les meir
Annonse